Medverknad vil seie at brukaren blir sett på som ein likverdig part i samtalar og beslutningar som angår brukaren si utfordring. Det viktigaste i møtet er god kommunikasjon kor alle partar er opne og lydhøre for kvarandre.
Når brukaren treng hjelp til å meistra kvardagen er det nokon få, men viktige element å hugsa på for at hjelpar og brukar saman skal kunne komma fram til den beste hjelpa og støtten ein brukar treng.
- å bli tatt på alvor
- å bli behandla med respekt
- å føla tillit og tryggleik
- å få hjelp når behovet er der
På tenestenivå har ein medverknad på følgjande måte:
Barnehage
- Individnivå: Barnehagen skal legga til rette for at foreldra og barnehagen jamleg kan utveksla observasjonar og vurderingar knytt til det enkelte barnet si helse, trivsel, erfaringar, utvikling og læring. Barnehagen skal grunngi vurderingane sine ovanfor foreldra, og ta omsyn for foreldra sine synspunkt. Samarbeidet skal sikra at foreldra får medverka til den individuelle medverknaden av tilbodet. Både foreldra og personalet må forholda seg til at barnehagen har eit samfunnsmandat og verdigrunnlag som det er barnehagen sin oppgåve å forvalta. Barnehagen må jobba for at barnet ikkje kjem i lojalitetskonflikt mellom heimen og barnehagen
- Systemnivå: Foreldrerådet (FAU) og Samarbeidsutvalet (SU) skal gi foreldra moglegheit til å ha kontakt med barnhagen på ein aktiv måte
- Foreldremøter
- Foreldresamtalar
- Brukarundersøkingar. Barnehagane nyttar Udir sin foreldrekartlegging annakvart år
- Barns medbestemming, sjølvbestemming og medverknad
Skule
- Individnivå: Skulen skal minst to gonger i året tilby føresette og elevar utviklingssamtale
- Systemnivå: Foreldrerådet (FAU) og Samarbeidsutvalet (SU) skal gi foreldra moglegheit til å ha kontakt med skulen på ein aktiv måte
- Brukarundersøking
- Elevråd
- Elevundersøking
- Ungdata undersøking
Helse
- Brukarundersøking
- Råd for Funksjonshemma
- Eldrerådet
- Brukarrepresentant i arbeidsgrupper knytt til utforming av tenestene i kommunen
Erfaringskonsulent
Suldal kommune legg vekt på at brukarstemma skal verta høyrt både på kommune-, teneste- og individnivå. For å kunne tilby gode og treffsikre tenester er det sentralt at ein i utforminga tek seg tid til å avklare med brukarar kva dei meiner om tilbodet. Tilsette i kommunen må også vere mottakelege for fortløpande innspel knytt til korleis tenestetilboda er utforma.
Suldal kommune har erfaringskonsulentar som kan bidra inn i prosjektarbeid, nye satsingar, utarbeiding av nye tiltak og tenester, samt vidareutvikling av eksisterande tiltak og tenester.
Evaluering
Med bakgrunn i analyse av ulik informasjon som tenestene hentar inn, vil tenester og tiltak bli evaluerte på tenestenivå. Dette kan vera
- Kartleggingar (brukar og medarbeidar)
- Samtalar med brukarar
- Tilsyn
- Ståstadanalyse (barnehage)
- I samarbeidsutval (barnehage og skule)