I Suldal skal ein som tilsett legge opp til tett samhandling med foreldre og føresette slik at tenestetilbodet ein gir til barnet vert så tilpassa som mogleg. Kjenner ein som tilsett på ei uro knytt til eit barn er det viktig at ein snakkar med foreldra om uroa slik at dei kan kome med sine innspel til kvifor situasjonen er som den er. Denne samtalen kan opne opp for at eventuell vidare samhandling med foreldra eller eventuelt andre tenester, om det er trong for det,  kan kome raskare i gong enn om ein avventar situasjonen eller kvier seg for å prate med foreldra. Dersom ein kjem raskare i gong med samhandling både med foreldre og andre tenester er det også større sjans for at saka kan løysast på eit lågare nivå.

I Suldal skal ein som tilsett også få informasjon om,  og gjere seg kjend med dei andre tenestetilboda ein har for barn, unge og familien. Gjennom tverrfagleg samhandling får tenestene betre og gjensidig forståing og oversikt over kvarandre sine oppgåver og blir betre til å koordinera innsats og ansvar slik at oppfølginga blir meir heilskapleg og samanhengande.

Samhandlingsrutinar

Rutinar for samhandling er viktig, og ein har i kommunen utarbeidd rutinar for korleis ein skal gjera dette:

  1. Samhandling med føresette, sjå nivå 0 i BTI rettleiaren.
  2. Samhandling med føresette og andre involverte tenester, sjå nivå 2 og nivå 3 i BTI rettleiaren.

Her finn du lenke til samtykkeskjema for deling av informasjon. Me har også ein rettleiar for samtykke om ein treng meir informasjon kring lovar og reglar for samtykke og signering av samtykke. Her må ein vere bevisste kven som er foreldre med foreldreansvar når ein får eit samtykke frå føresette.

Suldal kommune skal ta i bruk Stafettloggen som sitt digitale loggsystem for oppfølging og evaluering av tiltak kring barn og unge i kommunen. Før ein opprette ein logg skal ein alltid gje føresette god informasjon om kva ein Stafettlogg er og ein skal gje eit samtykke til oppretting av logg. 

Når ein skal samhandla med andre tenester skal ein kalla inn til eit nettverksmøte, og ein har ein mal for kva for informasjon som skal følgje ei slik innkalling. Du finn også nyttige tips til gjennomføring av eit nettverksmøte her. Skulane har faste nettverksmøter for å samhandla om utfordringar i elevsakar.

Helsestasjonstenesta – samhandlingsavtalar

Helsestasjonstenesta har ulike samhandlingsavtalar med andre tenester i kommunen.

  • Fysioterapitenesta
  • Tannhelsetenesta
  • Barnevernstenesta (Indre Ryfylke PPT)
  • Koordinerande eining
  • Barnehage og skule
  • Psykisk helse
  • Fastlegane
  • NAV

Desse avtalane seier noko om korleis ein skal samhandla og kven som er ansvarleg for kva kring barn og unge i kommunen. Avtalane ligg i kvar eining.

Tverrfaglege samhandlingsarenaer i kommunen

Her kan du finna meir informasjon om kor og korleis kommunen samhandlar på tvers av fagområde og einingar.

Samhandlingsverktøy

  • Stafettloggen
  • Individuell plan