Tenestenivå

Det er viktig at tenestene i kommunen samhandlar og deler informasjon og kunnskap til det beste for barn, unge og familiar som det er knytt ei uro til. Målet med å samhandla er å gi eit godt tilbod, på eit tidleg tidspunkt og på lågast mogleg nivå. Ikkje minst er det viktig å ha ein dialog med føresette, barn, og unge som eit utgangspunkt for samhandling. Då kan ein undra seg i lag.