Individnivå

På denne sida ønskjer me å trygga alle på korleis ein kan sikra at barn og unge i Suldal opplev ein god og trygg oppvekst. Anten du er ein nabo, ein forelder eller ein tilsett i kommunen. Me ønskjer og å gi deg som er barn eller ungdom nokon tips til kva du kan gjera om du kjenner at du ikkje har det godt i ditt liv, og treng nokon som kan støtta deg.