Du er viktig

Du er den viktigaste støttespelaren i ditt barn sitt liv. Allereie frå før barnet blir født viser forskning at fosteret i mor sin mage blir påverka av korleis ho har det, kva ho et, og kva lydar ho omgir seg med.

Spedbarnet sin psykiske helse blir forma i samspel med dei næraste omsorgspersonane. Dei første åra av ditt barn sitt liv legg grunnlaget for blant anna barnet sin sjølvfølelse, barnet sitt reaksjonsmønster, oppleving av omverda og kor trygg han eller ho vil vera. Desse åra er og med å formar barnet sin personlegdom.

Etter kvart som barnet ditt blir eldre vil sjølvfølelsen stadig bli meir prega i møtet med andre, men du som forelder/føresett vil framleis ha stor betydning for kor trygg barnet er på seg sjølv, og følelsen av å vera ein verdifull person.

Treng du hjelp eller rettleiing for å kunne vera den beste støttespelaren for ditt barn? Innimellom kjem ein i vanskelege situasjonar, anten som forelder, som familie, eller ein ser at barnet ikkje har det greit. Suldal kommune har eit godt tenestetilbod for barn, unge og familiar. Me tilbyr tiltak i mange slags formar, og av ulik grad. Les meir om det her.

Samhandling

Kommunen ønskjer tett samhandling med deg som er foreldrer/foresatt slik at tenestetilbodet me gir til barnet ditt blir så tilpassa og bra som mogleg.

Dersom ein tilsett kjenner på ei uro knytt til eit barn ønskjer me veldig gjerne å snakka med foreldra om uroa slik at dei kan kome med sine innspel til kvifor situasjonen er som den er. Denne samtalen kan opne opp for eventuell vidare samhandling med foreldra eller eventuelt andre tenester. Dersom ein kjem raskare i gong med samhandling både med foreldre og andre tenester er det også større sjans for at saka kan løysast på eit lågare nivå. Lurer du på korleis kommunen jobbar i slike tilfeller kan du sjå her. 

Din stemme

Me ønskjer svært gjerne at du skal få medverka i saker som vedkjem deg eller ditt barn. Går ditt barn i barnehage eller skule kan du gjerne lesa korleis du kan medverka her: