Når ting blir vanskeleg, kan det virka som om heile verda er i mot deg og at du er den einaste som har det slik. Det kan vera mange ting som er vanskeleg å handtera åleine, då er det viktig å vita at det er mange som vil hjelpa deg.

I kommunen vår har me fleire tilbod som du kan vita om:

  • Helsestasjon for ungdom er for ungdom mellom 16 og 20 år. Du treng ikkje bestilla time på førehand, og tilbodet er gratis. Du vert møtt med respekt og dei vil gjera sitt beste for å hjelpa deg. Kom innom dersom du har noko vanskeleg du vil snakka om, og ikkje veit kven du skal snakka med. Helsestasjon for ungdom kan og henvisa deg til andre fagpersonar ved behov. Ta kontakt med helsestasjonen på telefon 52 79 23 10. Les meir om tilbodet her
  • Skulehelsetenesta. Alle skular har ei skulehelseteneste med ein helsesjukepleiar. Helsesjukepleiaren ønskjer svært gjerne å snakka med deg. Du kan få kontakt med helsesjukepleiar på skulen din ved å kontakta skulen. Les meir om tilbodet her
  • Kontakta lærar. Læraren din er der for deg, og ønskjer deg ditt aller beste. Snakk med han eller ho. Dersom det er andre vaksne på skulen du heller vil snakka med, kan du ta kontakta dei.
  • Kommunepsykolog. Visste du at Suldal kommune har ein kommunepsykolog som er tilsett for å snakka med barn og unge som har det vanskeleg? Ho arbeidar i Barne- og familieteamet. Det kan du lese meir om her. 

Hugs at det du meiner og ønskjer betyr noko! Alle barn mellom 0 og 18 år har rett til å sei kva dei meiner om alt som skjer, eller skal skje, med dei. Du har rett til å sei meininga di heime, på skulen, i kommunen, i fritida. Kort sagt i alt du driv med. Meir om retten din til å sei meininga di finn du her. 

I tillegg er det mange sider på nett der du kan finna informasjon, eller chatta med nokon anonymt. Av og til kan det vera enklare.

  • Her får du hjelp.denne sida finn du mange ulike nettsider kor du kan snakka med nokon som kan hjelpa.
  • Alarmtelefonen for Barn og Unge er ein gratis nødtelefon for barn og unge. Ring alarmtelefonen 116 111.
    I vekedagar er han open frå kl. 15:00 om ettermiddagane og til kl.08:00 morgonen etter. I helgane er han open heile døgnet. Nettsida til alarmtelefonen for barn og unge finn du her.
  • Barsnakk er barn av rusmisbrukere sin chatteteneste på nett for deg som har ei mor eller ein far, eller andre du bryr deg om med rusproblem. Dei du får snakka med har sjølv erfart korleis det er å vera barn av rusmisbrukarar. Du kan ringa måndag til tysdag frå kl. 17-20. Du er anonym, Barchat registrerer ikkje IP-adressar og dei har teieplikt. Barsnakk finn du her. 
  • Vald og overgrep. Kjenner du nokon som er utsatt for vald eller overgrep? Lurer på kva du skal gjera? Er du redd for å blanda deg i noko du ikkje har noko med, eller lurer du kanskje på korleis du best kan hjelpa? På denne sida kan du få nokon svar.

Kva signal bør eg sjå etter?

Er du bekymra for om eit barn eller ein ungdom har det bra? Her er teikn du kan sjå etter. Kvart enkelt barn må vurderast individuelt. Det er ekstra viktig å følgja godt med om barnet endrar åtferd og om dette varar ved. 

Teikn til bekymring hjå barnet:

  • Engsteleg, lettskremd, trist
  • Manglande mimikk
  • Konsentrasjonsproblem, vanskar med søvn
  • Framstår som innelukka, ulukkeleg, nedtrykt, apatisk, trist
  • Klagar over fysiske smerter (hovud- og/eller magesmerter)
  • Ekstremt pliktoppfyllande
  • Overdreven ansvarleg og dyktig å tilpassa seg
  • Umotivert gråt og angstreaksjonar
  • Fysiske symptom (td. unaturleg sår, merke eller underlivssmerter, problem med tannpuss, vanskar med å eta, store og/eller tilbakevendande bleieutslett)
  • Sjølvskadande åtferd
  • Hjelpeløyse, passivitet, tausheit og isolasjon
  • Ufrivillig vasslating
  • Ikkje adekvat vekst utan biologisk årsak. Ekstrem svolt. Sterk- over eller undervekt
  • Ofte lite tenleg påkledning i høve årstida
  • Forsømt hygiene, uvaska, skitne klede, ustelt, dårleg tannhelse
  • Påfallande seksuell åtferd, til dømes i leik
  • Manglande oppfølging av kontrollar på helsestasjon eller naudsynt medisinsk behandling

Særlege teikn hjå barn opp til to år:

  • Anspent, passiv, eller tilbaketrekt
  • Vanskeleg å regulera søvn, mat, merksemd og stimulering
  • Utforskar omverden utan å søkja støtte og anerkjenning frå vaksne
  • Utrøysteleg, skriketokter, panikkanfall
  • Utrygg
  • Hovuddunking
  • Vanskar i overgangssituasjonar over tid

Teikn ved samspel med foreldre

  • Konfliktfullt samspel
  • Barnet er ekstemt oppteken av foreldra
  • Barnet søkjer ikkje trøyst hjå foreldra der det elles er naturleg
  • Barnet reagerer ikkje på at foreldra går ifrå det, eller hyler/klenger meir enn det som er vanleg, eller verkar redd foreldra sine
  • Barnet eller foreldra framstår avvisande eller ikkje interessert i kvarandre
  • Foreldra er meir opptatt av eigne behov enn barnet sine
  • Foreldra er lite merksame og manglar medkjensle
  • Mykje irritasjon og sinne mot barnet

Teikn hjå foreldra:

  • Ekstremt opptatt av seg sjølv
  • Lar ofte andre henta barnet, eller har lita tid til barnet
  • Mangel på tilsyn av barnet
  • Unnvikande kontakt med personalet, er vanskeleg å få tak i, deltek ikkje på arrangement eller liknande
  • Urealistiske forventningar til barnet sin kompetanse og behov
  • Opptrer truande
  • Fysisk eller psykisk sjukdom eller belastning
  • Problem med å beskriva barnet
  • Konfliktfullt tilhøve mellom foreldra
  • Møter påverka av rus i barnehagen

Barn og unge i risiko

Trygg tilknytning

Trygg tilknyting blir rekna som ein av dei viktigaste beskyttelsesfaktorane for utvikling av god psykisk helse. Ein antar at om lag 35 prosent av barna har ein utrygg tilknyting, noko som igjen aukar risikoen for skeivutvikling. Tilknyting utviklar seg i løpet av det første året i barnet sitt liv, blir etablert når barnet er mellom 8 og 12 månader gamal, og handlar i hovudsak om kvaliteten på omsorgspersonane sitt samspel med barnet. Dersom foreldra har store psykiske vanskar, utøver vald eller rusar seg, står tilknytinga i fare. Barn som ikkje forventar omsorg frå sine foreldre, har gjerne vanskar med å stola på andre. Den grunnleggande mistilliten blir sjeldan løyst ved å prøva å endra åtferda til barnet. Barn med utrygg tilknyting får som regel ikkje tryggare tilknyting om dei har varme vaksne i barnehage og skule, eller støttekontakt, besøksheim eller liknande. Derfor må me styrka foreldra med tiltak i familiane, slik at relasjonane blir styrka der skeivutviklinga starta.

Psykiske vanskar

Barn som veks opp med foreldre som strevjar med eiga psykiske helse i ein slik grad at det går ut over den daglege fungeringa, har dobbelt så stor risiko som andre barn til å utvikla tilsvarande helseproblem som foreldra. Psykiske vanskar kjenneteiknast av at dei påverkar tankane våre, følelsane, åtferda og sosial fungering. Dette kan påverka foreldrefungeringa negativt, til dømes ved at foreldra har liten energi til å ivareta barnet sine behov. Ein del foreldre strevjar med eiga fortid i form av erfaringar med kompliserte tap, oppleving av omsorgssvikt eller alvorlege traumar. Erfaringane ein bærer med seg pregar foreldrerolla, og ein handlar ofte på same måte som ein er vaksen opp med. Dersom ein ikkje har eit bevisst forhold til eigne erfaringar i oppveksten, kan dette naturleg nok føra til at ein sjølv utøver same omsorg som foreldra sine, på tross av at omsorga ikkje var hensiktsmessig. Samstundes er det viktig å hugsa at ikkje alle psykiske vanskar gir nedsett omsorgsevne, og foreldra sine vanskar må alltid sjåast i lys av aktuelle risikofaktorar og vernande faktorar.

Alkohol og rus

Barn som veks opp med foreldre som misbrukar alkohol eller andre rusmiddel, blir ofte opptatt av å passe på dei vaksne og overkompenserar for foreldra sine manglar. Ein vaksen som brukar rusmiddel har ikkje tilstrekkeleg fokus på barnet sitt behov, og tilknytinga kan bli forstyrra. Dersom rusen får høgste prioritet i ein familie, bryt det med grunnleggande idear om kva foreldre skal vera for sine barn. Foreldra sine behov styrar barna sine behov. Barna sitt forhold til foreldra kan bli prega av skuffelsar, og barnet sin omsorgsbase kan bli opplevd som uføreseieleg og utrygg. Det er viktig å merka seg at det skjulte rusmisbruket, til dømes bruk av alkohol som sjølvmedisinering ved angst- eller depresjonslidingar, ofte er vanskelegare å oppdage enn det meir synlege misbruket av tyngre stoffar.

Vald i nære relasjonar

Å veksa opp med vald i familien inneberer krenkingar frå ein person som eigentleg skal visa kjærleik og omsorg. Dette rokkar ved den grunnleggande tryggleiken som skal vera i heimen. Vald i nære relasjonar, blir kjenneteikna av at valden føregår i det skjulte, at den gjentek seg, og at den føregår mellom personar som er gjensidig avhengig av kvarandre. Den valdsutsette bebreidar ofte seg sjølv, og opplev skam og ein følelse av skuld. Mange vegrar seg for å gripa inn i det ein tolkar som private høve. Dette bidreg til at overgrepa kan haldast skjult for dei som kunne yta hjelp. Forsking viser at det er like skadeleg for eit barn å vera vitne til vald som sjølv å bli utsett for det. Når eit barn lev med vedvarande fare kan det bli rastløyst, hyperaktivt og sint, eller apatisk og passivt. Dersom barn har høg negativ emosjonell aktivering kan dette skada utviklinga av innlæring. Slike funksjonstap vil ha negativ innverknad på barnet sine sosiale evner og eigen åtferdsregulering. Nokre problem blir dessverre først synleg i vaksen alder.