Me veit at ein vaksen som bryr seg om eit barn som har det vanskeleg kan vera avgjerande for korleis det går med barnet i framtida.

Du kan vera den eine som ser. Det finnes ikkje vanskelege barn, men barn som har det vanskeleg.

Uro

Dersom du er bekymra for eit barn, ein ungdom eller familiesituasjonen, skal du følgja BTI-rettleiaren. Den finn du her.

BTI-rettleiaren vil ta deg gjennom ulike nivå som beskriv korleis du eventuelt kan samhandla vidare med foreldre/føresette og tenestene i kommunen.

Du kan og bruka desse verktøya til hjelp dersom du er bekymra.

Teieplikt/meldeplikt

Alle brukarar av våre kommunale tenester har eit vern mot spredning av opplysningar om personlege og helsemessige forhold. Difor er utgangspunktet ditt at du har teieplikt når det gjeld slike opplysningar. Ved mistanke om mishandling, alvorleg omsorgsvikt, eller når eit barn viser vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, har du som offentleg tilsett derimot meldeplikt til barnevernet.

Sei si meining

Barn si rett til å seie si meining og å bli høyrt i alt som vedkjem dei. Dette er ein lovfesta rett og kjem fram av Barnekonvensjonens artikkel 12. I Suldal kommune skal alle tilsette sikra at barnestemmen kjem fram i alle tenester og tiltak me gir.

Tenester og tiltak

Informasjon om dei ulike tenestene og tiltaka dei gir kan du finna her. Her finn du kontaktinformasjon.

Barn som pårørande

Kva gjer ein om eit barn er blitt pårørande av sjuke foreldre eller søsken?

  • Slik jobbar me med barn som pårørande i Suldal
  • Barn av rusmisbrukere, ein brukar- og interesseorganisasjon for barn i alle aldre som opplev foreldras rusbruk som ein belastning
  • BARsnakk, ein chatteteneste for deg som har ei mor eller ein far, eller andre du bryr deg om – med rusproblem
  • Snakketøyet, eit digitalt verktøy for å trygga vaksne og barn når foreldra er sjuke

Samhandling

Her kan du finna meir informasjon om kor og korleis kommunen samhandlar på tvers av fagområde og einingar.

Dokument

Her finn du ei liste over aktuelle lokale dokument som kan vera til hjelp når du treng å samhandla med andre tenester.

Evaluering av tiltak

  • Hugs brukarstemmen. Både barn og foreldre/føresette må bli høyrt i saker som vedkjem dei. Kan hende problemstillinga blir noko annleis om fleire spelar inn ny informasjon.
  • Evaluer tiltaket, BTI-rettleiaren legg til rette for dette. Alle involverte partar skal drøfta i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg, i form av evalueringsmøter.
  • Hugs “den gode sirkel” i arbeidet du gjer.
  • Kva seier informasjon tenesteområdet får inn via kartleggingar, datainnsamling, brukarmøter, brukarundersøkingar osv? Dette kan vera nyttig informasjon for deg i direkte kontakt med barn, unge og familiane deira.