Me veit at ein vaksen som bryr seg om eit barn som har det vanskeleg kan vera avgjerande for korleis det går med barnet i framtida.

Du kan vera den eine som ser. Det finnes ikkje vanskelege barn, men barn som har det vanskeleg.

Er du uroa eller er bekymra for eit barn? 

Då kan du drøfta bekymringa di, og få råd og rettleiing. Du kan ringa alarmtelefonen på 116111. Du kan og kontakta ein av tenestene for barn og unge i kommunen. Kontaktinformasjon finn du her. 

Dersom du er bekymra for omsorgsvikt er barnevernstenesta den rette instansen å kontakta. Dei kan kontaktas på tlf. 52786030. Du kan også senda ei skriftleg bekymringsmelding. Meir informasjon om det finn du her.

Verktøy som kan hjelpa deg

Kva gjer eg når eit barn blir pårørande?

Mange barn opplev å vera pårørande i løpet av oppveksten sin. Når noko skjer med foreldre eller søsken, vil kvardagen til barna blir påvirka. Det kan vera greit å setta seg inn i korleis dette kan påvirka eit barn, og korleis ein som vaksen person kan støtta barnet.

Barn og unge i risiko

Trygg tilknytning

Trygg tilknyting blir rekna som ein av dei viktigaste beskyttelsesfaktorane for utvikling av god psykisk helse. Ein antar at om lag 35 prosent av barna har ein utrygg tilknyting, noko som igjen aukar risikoen for skeivutvikling. Tilknyting utviklar seg i løpet av det første året i barnet sitt liv, blir etablert når barnet er mellom 8 og 12 månader gamal, og handlar i hovudsak om kvaliteten på omsorgspersonane sitt samspel med barnet. Dersom foreldra har store psykiske vanskar, utøver vald eller rusar seg, står tilknytinga i fare. Barn som ikkje forventar omsorg frå sine foreldre, har gjerne vanskar med å stola på andre. Den grunnleggande mistilliten blir sjeldan løyst ved å prøva å endra åtferda til barnet. Barn med utrygg tilknyting får som regel ikkje tryggare tilknyting om dei har varme vaksne i barnehage og skule, eller støttekontakt, besøksheim eller liknande. Derfor må me styrka foreldra med tiltak i familiane, slik at relasjonane blir styrka der skeivutviklinga starta.

Psykiske vanskar

Barn som veks opp med foreldre som strevjar med eiga psykiske helse i ein slik grad at det går ut over den daglege fungeringa, har dobbelt så stor risiko som andre barn til å utvikla tilsvarande helseproblem som foreldra. Psykiske vanskar kjenneteiknast av at dei påverkar tankane våre, følelsane, åtferda og sosial fungering. Dette kan påverka foreldrefungeringa negativt, til dømes ved at foreldra har liten energi til å ivareta barnet sine behov. Ein del foreldre strevjar med eiga fortid i form av erfaringar med kompliserte tap, oppleving av omsorgssvikt eller alvorlege traumar. Erfaringane ein bærer med seg pregar foreldrerolla, og ein handlar ofte på same måte som ein er vaksen opp med. Dersom ein ikkje har eit bevisst forhold til eigne erfaringar i oppveksten, kan dette naturleg nok føra til at ein sjølv utøver same omsorg som foreldra sine, på tross av at omsorga ikkje var hensiktsmessig. Samstundes er det viktig å hugsa at ikkje alle psykiske vanskar gir nedsett omsorgsevne, og foreldra sine vanskar må alltid sjåast i lys av aktuelle risikofaktorar og vernande faktorar.

Alkohol og rus

Barn som veks opp med foreldre som misbrukar alkohol eller andre rusmiddel, blir ofte opptatt av å passe på dei vaksne og overkompenserar for foreldra sine manglar. Ein vaksen som brukar rusmiddel har ikkje tilstrekkeleg fokus på barnet sitt behov, og tilknytinga kan bli forstyrra. Dersom rusen får høgste prioritet i ein familie, bryt det med grunnleggande idear om kva foreldre skal vera for sine barn. Foreldra sine behov styrar barna sine behov. Barna sitt forhold til foreldra kan bli prega av skuffelsar, og barnet sin omsorgsbase kan bli opplevd som uføreseieleg og utrygg. Det er viktig å merka seg at det skjulte rusmisbruket, til dømes bruk av alkohol som sjølvmedisinering ved angst- eller depresjonslidingar, ofte er vanskelegare å oppdage enn det meir synlege misbruket av tyngre stoffar.

Vald i nære relasjonar

Å veksa opp med vald i familien inneberer krenkingar frå ein person som eigentleg skal visa kjærleik og omsorg. Dette rokkar ved den grunnleggande tryggleiken som skal vera i heimen. Vald i nære relasjonar, blir kjenneteikna av at valden føregår i det skjulte, at den gjentek seg, og at den føregår mellom personar som er gjensidig avhengig av kvarandre. Den valdsutsette bebreidar ofte seg sjølv, og opplev skam og ein følelse av skuld. Mange vegrar seg for å gripa inn i det ein tolkar som private høve. Dette bidreg til at overgrepa kan haldast skjult for dei som kunne yta hjelp. Forsking viser at det er like skadeleg for eit barn å vera vitne til vald som sjølv å bli utsett for det. Når eit barn lev med vedvarande fare kan det bli rastløyst, hyperaktivt og sint, eller apatisk og passivt. Dersom barn har høg negativ emosjonell aktivering kan dette skada utviklinga av innlæring. Slike funksjonstap vil ha negativ innverknad på barnet sine sosiale evner og eigen åtferdsregulering. Nokre problem blir dessverre først synleg i vaksen alder.