Mange barn og unge strevjer i kvardagen, av ulike orsaker.
Du kan vera "den eine" for dette barnet. Forskning og erfaringar viser at det ofte ikkje skal meir enn ein trygg relasjon til for å skapa ein forandring i eit barns liv.
På denne sida ønskjer me å trygga alle på korleis ein kan sikra at barn og unge i Suldal opplev ein god og trygg oppvekst. Anten du er ein nabo, ein forelder eller ein tilsett i kommunen.
Me ønskjer og å gi deg som er barn eller ungdom nokon tips til kva du kan gjera om du kjenner at du ikkje har det godt i ditt liv, og treng nokon som kan støtta deg.