Tilbake

Brukarorganisasjonar

Brukerorganisasjonane er representert på ulike måtar for å ivareta brukarane sine erfaringar med basis i brukarkompetansen. Dette skjer gjennom brukarutval, møter, høyringar og deltaking i prosjekt. I tillegg til å påvirka politiske myndigheiter i beslutningsprosessar utfører brukarorganisasjonane også mange andre gode tiltak. Dei kan spreie informasjon om brukargruppa slik at andre blir kjend med kva problem gruppa møter i kvardagen. Dei gir og tips og rettleiing til brukarar som tilhøyrer gruppa.

Det finst ei rekke nasjonale og lokale støtteforeningar og interesseorganisasjonar som kan bistå i ulike situasjonar. Dei kan nyttast når nye tenester og tiltak skal byggjast opp i kommunen, eller når tenester og tiltak skal vidareutviklast. Her er nokre av dei som kan vera aktuelle i samband med tenester og tiltak for barn og unge.

Voksne for barn

Voksne for barn kan ein kontakta dersom ein treng å invitera unge med spesielle livserfaringar for å henta fram meiningane deira. Dei kan og legga til rette for at barn og unge skal kunne medverka og delta i forandrings- eller medverknadsprosessar.

Nettside

Kontakt

BAR (barn av rusmisbrukere)

BAR er Noregs einaste, landsdekkande brukar- og pårørandeorganisasjon for barn av rusmisbrukarar. Representantane har eigen erfaring som pasientar/brukarar av tenester som Barne- og ungdomspsykiatrisk (BUP), Pedagogisk-psykologisk teneste(PPT), fastlege, barnevern og liknande. Samstundes er dei og næraste pårørande til foreldra sine.

BAR gir representantane sine opplæring og høve til å bidra med erfaringane sine i råd og utval for å vera med å vidareutvikla teenestene som blir gitt til barn av rusmisbrukarar.

Nettside

Kontakt

Mental helse

Nettside

Lokal kontakt: Anne Berit Skeie

Adr: Nordenden 13
4230 SAND
Tlf: 917 61 966

Mental Helse Suldal

LPP (landsforeninga for pårørande innan psykisk helse)

LPP jobbar for at pårørande skal vera ein ressurs og ein del av løysinga for den som er sjuk, og at erfaringane deira skal bli tatt på alvor av helsevesenet og kommunane.

LPP er ein pådrivar for å styrka tilbodet innan psykisk helsevern ved ein betra kommunikasjon mellom brukarar, pårørande, behandlarar og myndigheiter.

Nettside

Kontakt

Forandringsfabrikken

Forandringsfabrikken har “proffar” som jobbar innan områda barnevern, skule, psykisk helse og vald & overgrep. Dei jobbar innan fire hovudkategoriar:

  • Kunnskapsinnhenting
  • Kunnskapsformidling
  • Utviklingsarbeid
  • Råd til politikarar og myndigheiter

Nettside

Kontakt

Stine Sofies stiftelse

Stine Sofies stiftelse jobbar for å førebygga og avdekka vald og overgrep mot barn – og ivareta dei valdsutsatte barna.

Nettside

Kontakt