Suldal for barn og unge er eit satsingsområde som jobbar for felles fokus mellom tenesteområde, og for at alle barn og unge i Suldal kommune skal bli sett, høyrt og få det særskilte fokuset den enkelte treng. Med rom for alle og blikk for den enkelte.

Satsinga har initiert ein del tiltak og fokusområde:

BTI

BTI (Betre tverrfagleg innsats) er ein modell for tidleg innsats og samhandling mellom tenester retta mot barn, unge og familiar som det er knytt ei uro til.

BTI-modellen gir ein struktur for korleis alle tenesteområda som jobbar med barn og unge tidleg og systematisk kan avdekka, identifisera og forebygga barn og unge sine vanskar, og systematisk samhandla med hjelpetenestene i kommunen dersom tiltak innafor eit tenesteområde ikkje er tilstrekkeleg. Modellen baserar seg på fire nivå.

Nivå 3: Samarbeid mellom fleire tenester
Nivå 2: Samarbeid mellom to tenester
Nivå 1: Innsats innafor eit tenesteområde
Nivå 0: Undringsfasen

Suldal arbeider no med å utvikla ein rettleiar for alle desse nivåa, med verktøy som støttar handlinga i prosessen med å oppdaga, vurdera, beslutta og iverksetta innsatsen for barnet/ungdommen/familien.

Barn som pårørande

Kommunen har over tid jobba for at barn som pårørande skal få eit godt og trygt tilbod i Suldal. Eit barne- og familieteam skal setjast i verk, og kommunen skal ha fleire barneansvarlege som får auka kompetansen på barn som pårørande i alle tenesteområde.

Inkluderande barnehage- og skulemiljø

Suldal er del av pulje 3 i satsinga inkluderande barnehage- og skulemiljø som har som mål at barnehagane og eigar skal utvikla trygge og gode barnehagemiljø, samt læra meir om forebygging og avdekking av mobbing. Pilotane som blir ein del av denne satsinga i første omgang er Stølane barnehage, Erfjord skule, Kjølvikstølen barnehage, Marvik skule og Jelsa oppvekstsenter. Stølane barnehage har ein koordinerande funksjon for satsinga, i lag med barnehageeigar for barnehagane. Jelsa oppvekstsenter har ein koordinerande funksjon for satsinga, i lag med skuleeigar for skulane. Erfaringane desse pilotane gjer seg skal komma alle barnehagane til gode på sikt.

Målet med satsinga er at skulane og barnehagane skal:

  • Utvikla kompetansen og arbeidet med godt psykososialt miljø for barn og unge i skulen
  • Førebygga og hindra all mobbing og krenkande åtferd
  • Opparbeida kunnskap om ulike formar for mobbing og korleis me jobbar med førebygging, korleis me avdekker og korleis me stopper dette
  • Opparbeida ei forståing for omgrep og kjennskap til lovverk

Me bryr oss konferansen

Konferansen er ein årleg konferanse i regi av Suldal kommune, for alle tilsette som på ein eller annan måte jobbar med barn og unge. Konferansen har som mål å bidra til at dei som jobbar tett på barn og unge skal kjenna

  • At dei tilsette får fagleg påfyll
  • At jobben dei tilsette gjer er viktig
  • At dei tilsette er særs betydningsfulle personar for barna dei møter
  • At dei tilsette er stolte, og at Suldal kommune er stolte over arbeidet dei tilsette gjer
  • At dei tilsette er ein del av eit fellesskap som drar i same retning.

Gjennomgangstema er å sjå, og å bry seg – korleis jobba for at barn og familiane deira får den hjelpa dei treng, når dei treng den.

Felles kompetanseplan mellom oppvekst og helse

Suldal er ein BTI (betre tverrfagleg innsats) kommune, og i samband med dette har organisasjonen kartlagt kva områder dei tilsette er usikre på i bekymringsaker. Kartlegginga skal vidare danna grunnlag for felles satsingsområde mellom oppvekst og helse, som igjen vil vera utgangspunkt for ein felles kompetanseplan. Arbeidet pågår.