Kommunane er lokale, politiske einingar som har fått ansvar for forvaltning og tenesteyting, og må forholda seg til gjeldande lovar og retningslinjer, både nasjonalt og internasjonalt. Nedanfor vil nokon av dei mest aktuelle for arbeidet vårt med utsette barn og unge bli presentert.

Forskrift

Forskrift blir som regel vedtatt av eit departement eller direktorat. Forskrifter gir meir informasjon om lov, bestemmingar og gjeld rett eller plikt.

Rundskriv

Rundskriv beskriv orienteringar fra eit mynde, eit departement eller direktorat, til dei berørte partane om tolkingar av lov og forskrift.