Internkontrollen skal sørga for at vedtatte prosedyrar blir følgt og at dei pålagde og planlagde oppgåvene blir gjennomført.
Compilo
Kvalitetssystemet skal sørgje for at vedtekne prosedyrar følgjast og at pålagde og planlagde oppgåver gjennomførast. Ein har eit system som oppdagar og rappoterar avvik.
Suldal kommune nyttar Compilo som sitt kvalitetssystem. Trykk her for å logge deg på Compilo.
Stafettloggen
For å sikra langsiktig og dokumentert oppfølging innan tverrfagleg samhandling på individnivå, samt brukarmedverknad, skal Suldal kommune i 2019 kjøpa inn og ta i bruk ein Stafettlogg. Dette er eit godt verktøy med fokus på tidleg innsats, og skal hindra oppfølgingsbrot. Les meir om Stafettloggen her.
Tilsyn og forvaltningsrevisjon
Sikring av rett praksis skjer også gjennom tilsyn og gjennom forvaltningsrevisjon.
Tilsyn betyr at ein instans innan offentleg forvaltning undersøker om kommunen overheld lov og regelverk og at innbyggjarane får dei tenestene dei har krav på. For Suldal kommune er det ofte Fylkesmannen i Rogaland som utfører tilsynet, men det kan også vera Arbeidstilsynet eller andre statlege instansar.
Forvaltningsrevisjon er ei systematisk vurdering av korleis kommunen sin administrasjon utfører sine oppgåver opp mot kva kommunestyret har vedteke. I ein forvaltningsrevisjon kan ein til dømes vurdere om ressursbruken samsvarar med politiske vedtak og føresetnader, om ressursbruken er effektiv og om regelverk vert fylgt. Les meir om kontrollutvalet i Suldal kommune her.